Fedje kommune lyser no ut 11 stillingar

Dei skal tilsetje alt fra kommunalsjefar til skuleassistentar.

Dette er ein unik moglegheit for familiar, par og vennar til å prøve noko heilt nytt – saman.

Dette er stillingane:

Fedje kommune søkjer ein kommunalsjef som kan «litt om alt» og som kan jobbe tverrfagleg – både strategisk og overordna, men og praktisk i drift av kommunen.

Kommunalsjefen vil vere personalsjef og leie ein sektor som er knytt til den interne drifta av kommunen. Det vil seie økonomi, IKT, HR/personal og fellestenester.

NB: Søknadsfrist er 23. april 2023.

Fedje kommune har auke i folketal, ny og spennande næringsutvikling og eit stort lokalt engasjement frå innbyggjarane. Her ligg det store moglegheiter for den som vil vere med å realisere planar og politikk til konkrete resultat.

NB: Søknadsfrist er 23. april 2023.

Kommunen søkjer ny rektor til Fedje skule. Skulen er fådelt skule med cirka 60 elevar på 1.–10. trinn og cirka tolv undervisningsstillingar. Kommunen søkjer deg som kan videreutvikle det gode læringsmiljøet som er ved skulen.

NB: Søknadsfrist er 16. april 2023.

Fedje skule treng ein lærar i 100 prosent fast stilling og ein til eit eittårig vikariat. Du har eit sterkt personleg engasjement og klart fokus på elevane si læring og godkjend lærerutdanning for 1.–7. årstrinn eller 5.–10. årstrinn.

NB: Søknadsfrist er 23. april 2023.

Kommunen søkjer etter ein sjukepleiar i fast stilling. Du har fagleg tyngde, godt humør og kan vere ei positiv kraft blant dei tilsette innan pleie og omsorg.

NB: Søknadsfrist er 23. april 2023.

Kommunen søkjer deg som har eit ekte engasjement for eldre mennesker og ønskjer å jobbe som helsefagarbeidar eller pleiemedarbeidar på Fedje sjukeheim. Stillinga er 100 prosent på fast basis, med hovedvekt på nattevakt.

NB: Søknadsfrist er 23. april 2023.

Kommunen har ledig stilling til deg som har god økonomikompetanse og vil vera med å styrke og vidareutvikle kommunen saman med dyktige og engasjerte medarbeidarar.

NB: Søknadsfrist er 23. april 2023.

Fedje skule, ein fådelt skule med elevar frå 1.–10. trinn, treng to fagarbeidarar/assistentar som kan bidra til det gode og inkluderande læringsmiljøet.

NB: Søknadsfrist er 23. april 2023.

I kommunen sitt opne lokale, Hjartebanken, er det no ledig stilling som miljøarbeidar i rus og psykisk helseteneste. Avdelinga Hjartebanken har ulike lågterskel tilbod som legg til rette for sosialt samvære, aktivitet og møte mellom menneske.

NB: Søknadsfrist er 23. april 2023.

NB: Søknadsfrist er 23. april 2023 på alle stillingane utanom rektor-stillinga, som har søknadsfrist 16. april.

Kommunevåpenet til Fedje

Om Fedje kommune:

Fedje er ein øykommune i Vestland, fem mil nord for Bergen. Det bor litt over 500 mennesker i kommunen, men dei har eit offensivt og konkret mål om bli fleire.

Kommunen har gratis barnehage og eit godt oppvekstmiljø, og er behjelpeleg med å skaffe bustad.

Sjå meir av kva kommunen har å by på her.

www.fedje.kommune.no

Spekkhogger som svømmer i havet fora Hellisøy fyr på Fedje.